Opphald på Stalheim hotel kostar kr.1.800,- pr person frå fredag til sundag, med to døgns full pensjon (også inkludert festmiddag). Tillegg for enkeltrom kr.900,-. Studentpris kr.1.300,- (Berre på dobbeltrom.) Vi reserverer plass, de må sjølve gjera opp med hotellet. Telt kan setjast opp nær hotellet. Plass også i hytter og på Brandseth Fjellstove.
Seminaravgift: Institusjon/bedrift kr.2.800,-. Vanleg fullt betalande kr.1.900,-. Par/familie, per person, kr.1.500,-. Studentar i etableringsfasen (17-34 år) kr.600,-. (NB. Berre på dobbeltrom/anna innkvartering). Spesialpris etter søknad for dei som har ein trong økonomi eller ekstra lang reise. 30 plassar på seminaret er reservert for institusjonsbetalande og 30 plassar er reservert for studentar.
Opplysningar: T. Refsdal/H. Slaattelid, tlf. 56516510/56511720. E-post:
trefsdal@online.no
Tankekorn for seminaret:
Alle våre virkemidler er forgjeves hvis vi vil skape rettferdighet, men mangler kunnskap. -
Fredrik Barth på Skjervheimseminaret 2004.
Det må igjen bli slik at vi får lov til å lytte til dem med den dypeste innsikt. De moderne medier gjør det mulig. Men muligheten må altså erobres. -
Francis Sejersted i Festskrift til Lars Roar Langslet på hans 50-års dag.
Framtida krev kunnskap og fantasi, ei veksling mellom alvor og leik, vitskap og ironi. Kunnskapen må vera omfattande og henta næring frå flest moglege kjelder; frå åndsvitskapane og natur- og ingeniørvitskapane, frå kunsten og teknikken og frå vanlege kvardagsrøynsler.
Helga Nowotny i Unersättliche Neugier.
Hvad skete der med hippie-bevægelsens budskab om anti-kapitalisme? Det er blevet brugt til at sælge biler og forsikringer, skriver flere amerikanske forfattere i anledning 40 års jubilæet.
Thomas Kaarsted i Weekendavisen.
Managementlitteraturen i 1990-åra har tru på at suksess og profitt i næringslivet krev leiarar som er inspirerte og inspirerande, kreative, visjonære, fleksible og tilpassingsdyktige, opne for nye erfaringar, antiautoritære, kritiske til hierarkisk kontroll, intoleranse og bourgeoismoralisme. Dette er ideal tekne rett frå repertoaret til Mai 1968.
Boltanski/Chiapello: The New Spirit of Capitalism.
Om innleiarane:
Thora Margareta Bertilsson: Professor i sosiologi ved Københavns Universitet. Professor II ved UiB. Har skrive ei rekkje essays om vitskap,makt og demokrati. Var inntil nyleg redaktør for Acta Sociologica, eit internasjonalt tidsskrift for sosiologi.
Kristin Clemet: Siviløkonom. Stortingsrepr. 1989-90. Arbeidsminister 1989-90, utdannings- og forsknings-minister 2001-05. Redaktør i Tidens Tegn 1993-98, viseadm.dir. NHO 1998-2001 og dagleg leiar for Civita frå 2006.
Stian Grøgaard: Mag.art i filosofi og professor i kunstteori, Kunstakademiet i Oslo. I redaksjonen for tidsskriftet Agora 1996-2003.
Ingmar Meland: Filosof. Førstelektor i kulturstudiar, Høgskolen i Telemark. Aktiv rockemusikar.
Atle Måseide: Filosof. Førsteamanuensis og leiar for Institutt for filosofi, Universitetet i Tromsø. Aktiv i skuledebatten i lang tid.
Karl-Fredrik Tangen: Samfunnsgeograf. Førstelektor, Oslo Markedshøyskole. Har m.a. skrive Forbruk. Lyst, makt, iscenesettelse eller mening og Tenk nettverk. Spaltist i Dagens Næringsliv.
Arne Johan Vetlesen: Professor i filosofi, UiO. Har m.a. skrive Følelser og moral, Nærhet og distanse og Moralens sjanser i markedets tidsalder.
Vi takkar desse for økonomisk støtte til seminaret i 2007:
Institusjonen Fritt Ord, Anders Jahres humanitære Stiftelse, Bergens Riksmålsforening, Eckbos Legater, Utenriksdepartementet, Stiftelsen Ord og Form, Sparebanken Vest, Hordaland Folkeakademi, Stiftelsen Astrup-Fearnley, Hordaland Fylkeskommune, Det norske Samlaget.
(Påmeldinga har starta.)